torsdag 14. august 2008

søndag 10. august 2008

Takk for denne gong!

Då var siste abonnement selt for DagenMagazinet, og somarjobben er over. I grunn er sommarferien så og sei over òg, for i morgon reiser eg til Balestrand og byrjar som miljøarbeidar på Sygna. Oi. Det var litt skummelt å skrive. Er eg verkeleg klar for dette her? Satsar på det. Gler meg i alle fall! Akkurat no sit eg i Oslo og et polarbrød. Etterpå skal eg og Per Inge på middag hjå Karina og Jarle, og så ber turen heim til Knarvik der ein haug med pakking ventar. Det blir nok ei ganske stor omvelting frå å ha ferie så og sei kvar dag, vere med Per Inge kvar dag, kunne reise kor eg vil til eikvar tid og over til å skulle ha faste arbeidstider og vere i Balestrand. Stor, men god omvelting trur eg.

No som eg står her ved slutten av eit kapittel i livet mitt, sommaren 2008, føler eg at eg må takke litt, for det er mange som har bidratt til denne ferien. No nemner eg namn, og det er fort gjort å gløyme nokon, men det er berre sånt som skjer. Ikkje ta det ille opp.

Takk til:
- Bulgariagjengen for ei konge veke!
- Sigrid for at ho forbarma seg over meg
- Spaniagjengen
- DagenMagazinet som har fiksa meg super sommarjobb
- Auto23 som vi fekk låne bil hjå
- Brødrene Gravem for utlån av hus på Hamar
- Onkel Magne og tante Sølvi for godt stell og god mat i Hamar
- Seljord folkehøgskule for lån av rom
- Maran Ata for eit stevne vi seint kjem til å gløyme
- David Aaserud for at vi fekk musisere litt
- Mora til David Aaserud som fiksa oss tak over hovudet
- Dyrskuplassen for lån av internett
- Meny Seljord for fantastiske fløtegratinerte poteter
- Mariann Buarøy for tak over hovudet, god mat (Wok in my heart) og godt stell
- Kubbespelet
- Ridderspelet
- Badminton
- Volleyball
- Gunnar Gilje m bror for tak over hovudet
- Øystein og Gunnar for fantastiske rundar med Yatzy
- Yatzy. Spelet over alle spel. Punktum.
- Karina og Jarle for eit fantastisk bryllaup der eg fekk vere med!
- Solveig for godt selskap i bryllupet
- Solfrid for god drøs på dass
- Tante Bente og onkel Gustav for at vi fekk bu hjå dei i Spydeberg, god mat, gode drøsar og lån av vatn til tidenes vannkrig
- Evangeliesenteret som har gjort ein fantastisk jobb opp gjennom åra med folk. Eit ord for deira landsstevne: Frelsesglede!
- Dama på Østerbo for at ho fann bilnøklane våre
- Krisoffer Norbye for godt samarbeid og konge tur til Sverige
- Sverige for billig brus og godteri
- UL for å vere fantastisk
- Gjermund som fiksa meg forsongaroppgåve
- Terje Forsberg for eit fantastisk seminar
- Øystein Sunde Pedersen for å ta mine meiningar på alvor
- Siembra
- Mamma og pappa Belt og Bjørke for ein fantastisk pust i bakken
- Morfar for lån av båt
- Seimsfjorden for å vere så nydeleg
- Stine for ein kjempefin kveld på sjøen
- Åshild for sjelesorg midt på natta
- Pappa for øvingskøyring
- Ingrid og Sigurd for mange fine stunder
- Martha Berit og Sigrid Karine for herleg kinofølje
- Noreg for fantastisk natur
- Kebab Biten for god kebab
- Skjærgårdssang for flott festival
- Jarle og Karina for god middag
- Gud som har passa på oss heile vegen!!

Sist med ABSOLUTT ikkje minst:

Per Inge Belt

For ein fantastisk ferie med minner for livet!



I sommar har vi stort sett berre ete på kro, besinstasjon eller gatekjøken. Etter ein månad som dette må eit par lister bli lagt ut.

Beste mat:
- Luna frå shell
- Boller m/ daim frå statoil
- Pølse frå Nottos

Hat-objekt:
- Hamburgerdressing!!! (Seriøst, det er på ALT som ein kan kjøpe på gatekjøkken etc. Finst det ikkje noko anna ein kan bruke?)
- Frityr (ALT er fritert)
- Å velje brus (Det er så mange val..)
- Pizza med berre ost og kjøt
- Hamburger utan andre grønsaker enn berre salat


Igjen, takk til alle for å ha gitt meg den beste sommaren eg nokon gong har hatt!

mandag 4. august 2008

Vakkert

UL 2008. Tusenvis av ungdom står med hender løfta mot himmelen. Navnet Jesus. Noko av det vakraste eg har sett og det sterkaste eg har vore med på.



Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

søndag 27. juli 2008

Vi har en grevling i taket greveling-grevela

Nei, eg har ikkje ein grevling i taket. Eg har songen på hjernen. Men det hadde forsåvidt vore spanande å ha ein grevling i taket.

No er eg og Per Inge, DagenMagazinetSupremeDreamTeam, i Spydeberg hjå familien Bjørke (tante, onkel og Martine). Vi sel på evangeliesenteret sitt sommarstemne på Østerbo (enda meir tjo og hei og enorm møtekondis). Der er vi saman med Kristoffer Norbye, og kjekt er det! Ny salsrekord har vi sett og greier. Innpåslitne seljarar? Skjønar ikkje kva du snakkar om..

Her i Spydeberg er det utruleg varmt. Tidlegare i dag dro eg med meg Per Inge ut for vi skulle sole oss. Dette varte ikkje lenge, for det var rett før vi døydde av heteslag (sånn ca). Keisemd og plagelyst blanda seg saman og etter kvart utvikla vi ein gigantisk vannkrig som innebar vannslange, store bøtter, lure planar osb. Eg vart sjølvsagt kjempeirritert, for eg var ikkje like utspekulert som Per Inge (han gjekk inn i huset, tappa vatn i ei bøtte, låste alle dører, stilte seg i eit vindauge i øverste etasje og venta til eg gjekk forbi...). Etterpå fekk han ein real omgang med vannslangen. Vi er vener igjen no altså. Eg steikte til og med vaflar etterpå.

I morgon går turen vidare til UL, og det blir fantastisk! Større enn både jul og bursdag, utan tvil. Vi har varma opp med å høyre på gamle bibeltimar i bilen. Asbjørn Handeland er stor favoritt. Han blir faktisk berre betre og betre i mine øyre. Kunne skrive eit heilt innlegg om talane hans i grunn. Men det blir ikkje i dag. Det er for varmt.

Uansett. Eg vonar at eg ser dykk alle att på UL! Det blir så BRA!

lørdag 12. juli 2008

Dyrskuplassen


Ja, då sit eg inne i den såkalla husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord. Snart brakar det laus med dagens kveldmøte her på årsstemnet til Maran Ata. Det er med andre ord fest og glede, sang, halleluja osb. For meg som har vakse opp i NLM der det nokre plassar blir sett på som demonstrasjon viss ein står under lovsongen, er dette noko heilt nytt for meg. Til tider kan det blir litt voldsomt for min del, men det er herleg å sjå korleis folk klarar å gløyme dei som står rundt og berre fokusere på Gud. Trur eg (og mange andre) har noko å lære der. 

No kom Per Inge akkurat inn døra, og han har ild i blikket, for han har vore på do. (Der skulle eg eigentleg skrive noko anna, men det var visst litt hemmeleg i forhold til bryllaupet vi skal i neste helg.) 

Seljord skal visstnok vere eit ferieparadis, og det er det av og til. Her om dagen bada vi med sjøormen i Seljordvatnet, og det var kjekt. I forgårs tok vi med oss sjøormen på fjelltur, og det var herleg. Eg likar veldig godt å gå på fjellet når eg berre først har kome meg ut. Elles går dagane med til volleyball, kubbespel, badminton, eting (mat er høgdepunkta på dagen), geni, quiz, simpsons, strikking, dagens bibellesing, møter og sjølvsagt sal av aviser. 

Jau. Då takkar eg for meg for denne gongen. Helsar frå Per Inge. 

torsdag 3. juli 2008

DagenMagazinet!

Jess jess, då var vi i gang med sommarjobb. Nett no sit eg i huset i Hamar. Per Inge er på Pinsestevne på Hedmarkstoppen og sel aviser. Kvifor jobbar ikkje eg? Er eg lat? Likar eg ikkje sol? Likar eg ikkje å jobbe? Eg elskar sol, eg diggar salsjobb, men eg har blitt sjuk og klarte ikkje vere på jobb i dag. Feber, vondt i halsen, slapp osb osb. Du veit vel korleis det funkar. Men heldigvis har eg snille Per Inge som lagar middag og jobbar for harde livet.

Eg ser no at eg har gløymt å skrive om spania, men det er i grunn ikkje så mykje å sei om den turen enn at eg vart lei av å sole meg. Det gjekk i soling, soling, soling. Jaja, eg vart i alle fall brun, men det spørs kor lenge den fargen vil halde.

Etter Spania var det sommartreff neste. Det var samla om lag 70 deltakarar på Kongshaug, og det var ei kjempeveke. Snillare ungdom kan du leite lenge etter. Eg fekk mykje andeleg (Wenche Lunde er ei fantastisk dame), og eg fekk ein liten forsmak på korleis det blir å vere miljøarbeidar på Sygna. Det blir BRA!

Før Per Inge og eg la ut på vegen med vår feiande flotte leigebil, var vi tre dagar i Knarvik og slappa av der med god mat, familieselskap og shopping i fantastiske Knarvik Senter. Stine og Helga hadde bursdag, så det vart litt småfeiring til glede for store og små.

Og no er vi altså i gang med ein storslått salssommar som skal bestå av kristne stemner, salstriks, DagenMagazinet, køyring, kjentfolk og Jesus. Eg er kjempeheldig som har fått denne jobben og håpar eg kan fronte avisa på ein god måte. Og det at eg får vere så mykje med Per Inge trekk ikkje akkurat ned!

Eg har eit artig bilete eg skal leggje ut her når eg finn ut korleis eg overfører ting frå mobilen min til dataen til Per Inge. Føler meg litt blond no men ja.. Vent i spenning! Snakkast!