torsdag 14. august 2008

søndag 10. august 2008

Takk for denne gong!

Då var siste abonnement selt for DagenMagazinet, og somarjobben er over. I grunn er sommarferien så og sei over òg, for i morgon reiser eg til Balestrand og byrjar som miljøarbeidar på Sygna. Oi. Det var litt skummelt å skrive. Er eg verkeleg klar for dette her? Satsar på det. Gler meg i alle fall! Akkurat no sit eg i Oslo og et polarbrød. Etterpå skal eg og Per Inge på middag hjå Karina og Jarle, og så ber turen heim til Knarvik der ein haug med pakking ventar. Det blir nok ei ganske stor omvelting frå å ha ferie så og sei kvar dag, vere med Per Inge kvar dag, kunne reise kor eg vil til eikvar tid og over til å skulle ha faste arbeidstider og vere i Balestrand. Stor, men god omvelting trur eg.

No som eg står her ved slutten av eit kapittel i livet mitt, sommaren 2008, føler eg at eg må takke litt, for det er mange som har bidratt til denne ferien. No nemner eg namn, og det er fort gjort å gløyme nokon, men det er berre sånt som skjer. Ikkje ta det ille opp.

Takk til:
- Bulgariagjengen for ei konge veke!
- Sigrid for at ho forbarma seg over meg
- Spaniagjengen
- DagenMagazinet som har fiksa meg super sommarjobb
- Auto23 som vi fekk låne bil hjå
- Brødrene Gravem for utlån av hus på Hamar
- Onkel Magne og tante Sølvi for godt stell og god mat i Hamar
- Seljord folkehøgskule for lån av rom
- Maran Ata for eit stevne vi seint kjem til å gløyme
- David Aaserud for at vi fekk musisere litt
- Mora til David Aaserud som fiksa oss tak over hovudet
- Dyrskuplassen for lån av internett
- Meny Seljord for fantastiske fløtegratinerte poteter
- Mariann Buarøy for tak over hovudet, god mat (Wok in my heart) og godt stell
- Kubbespelet
- Ridderspelet
- Badminton
- Volleyball
- Gunnar Gilje m bror for tak over hovudet
- Øystein og Gunnar for fantastiske rundar med Yatzy
- Yatzy. Spelet over alle spel. Punktum.
- Karina og Jarle for eit fantastisk bryllaup der eg fekk vere med!
- Solveig for godt selskap i bryllupet
- Solfrid for god drøs på dass
- Tante Bente og onkel Gustav for at vi fekk bu hjå dei i Spydeberg, god mat, gode drøsar og lån av vatn til tidenes vannkrig
- Evangeliesenteret som har gjort ein fantastisk jobb opp gjennom åra med folk. Eit ord for deira landsstevne: Frelsesglede!
- Dama på Østerbo for at ho fann bilnøklane våre
- Krisoffer Norbye for godt samarbeid og konge tur til Sverige
- Sverige for billig brus og godteri
- UL for å vere fantastisk
- Gjermund som fiksa meg forsongaroppgåve
- Terje Forsberg for eit fantastisk seminar
- Øystein Sunde Pedersen for å ta mine meiningar på alvor
- Siembra
- Mamma og pappa Belt og Bjørke for ein fantastisk pust i bakken
- Morfar for lån av båt
- Seimsfjorden for å vere så nydeleg
- Stine for ein kjempefin kveld på sjøen
- Åshild for sjelesorg midt på natta
- Pappa for øvingskøyring
- Ingrid og Sigurd for mange fine stunder
- Martha Berit og Sigrid Karine for herleg kinofølje
- Noreg for fantastisk natur
- Kebab Biten for god kebab
- Skjærgårdssang for flott festival
- Jarle og Karina for god middag
- Gud som har passa på oss heile vegen!!

Sist med ABSOLUTT ikkje minst:

Per Inge Belt

For ein fantastisk ferie med minner for livet!



I sommar har vi stort sett berre ete på kro, besinstasjon eller gatekjøken. Etter ein månad som dette må eit par lister bli lagt ut.

Beste mat:
- Luna frå shell
- Boller m/ daim frå statoil
- Pølse frå Nottos

Hat-objekt:
- Hamburgerdressing!!! (Seriøst, det er på ALT som ein kan kjøpe på gatekjøkken etc. Finst det ikkje noko anna ein kan bruke?)
- Frityr (ALT er fritert)
- Å velje brus (Det er så mange val..)
- Pizza med berre ost og kjøt
- Hamburger utan andre grønsaker enn berre salat


Igjen, takk til alle for å ha gitt meg den beste sommaren eg nokon gong har hatt!

mandag 4. august 2008

Vakkert

UL 2008. Tusenvis av ungdom står med hender løfta mot himmelen. Navnet Jesus. Noko av det vakraste eg har sett og det sterkaste eg har vore med på.



Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

søndag 27. juli 2008

Vi har en grevling i taket greveling-grevela

Nei, eg har ikkje ein grevling i taket. Eg har songen på hjernen. Men det hadde forsåvidt vore spanande å ha ein grevling i taket.

No er eg og Per Inge, DagenMagazinetSupremeDreamTeam, i Spydeberg hjå familien Bjørke (tante, onkel og Martine). Vi sel på evangeliesenteret sitt sommarstemne på Østerbo (enda meir tjo og hei og enorm møtekondis). Der er vi saman med Kristoffer Norbye, og kjekt er det! Ny salsrekord har vi sett og greier. Innpåslitne seljarar? Skjønar ikkje kva du snakkar om..

Her i Spydeberg er det utruleg varmt. Tidlegare i dag dro eg med meg Per Inge ut for vi skulle sole oss. Dette varte ikkje lenge, for det var rett før vi døydde av heteslag (sånn ca). Keisemd og plagelyst blanda seg saman og etter kvart utvikla vi ein gigantisk vannkrig som innebar vannslange, store bøtter, lure planar osb. Eg vart sjølvsagt kjempeirritert, for eg var ikkje like utspekulert som Per Inge (han gjekk inn i huset, tappa vatn i ei bøtte, låste alle dører, stilte seg i eit vindauge i øverste etasje og venta til eg gjekk forbi...). Etterpå fekk han ein real omgang med vannslangen. Vi er vener igjen no altså. Eg steikte til og med vaflar etterpå.

I morgon går turen vidare til UL, og det blir fantastisk! Større enn både jul og bursdag, utan tvil. Vi har varma opp med å høyre på gamle bibeltimar i bilen. Asbjørn Handeland er stor favoritt. Han blir faktisk berre betre og betre i mine øyre. Kunne skrive eit heilt innlegg om talane hans i grunn. Men det blir ikkje i dag. Det er for varmt.

Uansett. Eg vonar at eg ser dykk alle att på UL! Det blir så BRA!

lørdag 12. juli 2008

Dyrskuplassen


Ja, då sit eg inne i den såkalla husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord. Snart brakar det laus med dagens kveldmøte her på årsstemnet til Maran Ata. Det er med andre ord fest og glede, sang, halleluja osb. For meg som har vakse opp i NLM der det nokre plassar blir sett på som demonstrasjon viss ein står under lovsongen, er dette noko heilt nytt for meg. Til tider kan det blir litt voldsomt for min del, men det er herleg å sjå korleis folk klarar å gløyme dei som står rundt og berre fokusere på Gud. Trur eg (og mange andre) har noko å lære der. 

No kom Per Inge akkurat inn døra, og han har ild i blikket, for han har vore på do. (Der skulle eg eigentleg skrive noko anna, men det var visst litt hemmeleg i forhold til bryllaupet vi skal i neste helg.) 

Seljord skal visstnok vere eit ferieparadis, og det er det av og til. Her om dagen bada vi med sjøormen i Seljordvatnet, og det var kjekt. I forgårs tok vi med oss sjøormen på fjelltur, og det var herleg. Eg likar veldig godt å gå på fjellet når eg berre først har kome meg ut. Elles går dagane med til volleyball, kubbespel, badminton, eting (mat er høgdepunkta på dagen), geni, quiz, simpsons, strikking, dagens bibellesing, møter og sjølvsagt sal av aviser. 

Jau. Då takkar eg for meg for denne gongen. Helsar frå Per Inge. 

torsdag 3. juli 2008

DagenMagazinet!

Jess jess, då var vi i gang med sommarjobb. Nett no sit eg i huset i Hamar. Per Inge er på Pinsestevne på Hedmarkstoppen og sel aviser. Kvifor jobbar ikkje eg? Er eg lat? Likar eg ikkje sol? Likar eg ikkje å jobbe? Eg elskar sol, eg diggar salsjobb, men eg har blitt sjuk og klarte ikkje vere på jobb i dag. Feber, vondt i halsen, slapp osb osb. Du veit vel korleis det funkar. Men heldigvis har eg snille Per Inge som lagar middag og jobbar for harde livet.

Eg ser no at eg har gløymt å skrive om spania, men det er i grunn ikkje så mykje å sei om den turen enn at eg vart lei av å sole meg. Det gjekk i soling, soling, soling. Jaja, eg vart i alle fall brun, men det spørs kor lenge den fargen vil halde.

Etter Spania var det sommartreff neste. Det var samla om lag 70 deltakarar på Kongshaug, og det var ei kjempeveke. Snillare ungdom kan du leite lenge etter. Eg fekk mykje andeleg (Wenche Lunde er ei fantastisk dame), og eg fekk ein liten forsmak på korleis det blir å vere miljøarbeidar på Sygna. Det blir BRA!

Før Per Inge og eg la ut på vegen med vår feiande flotte leigebil, var vi tre dagar i Knarvik og slappa av der med god mat, familieselskap og shopping i fantastiske Knarvik Senter. Stine og Helga hadde bursdag, så det vart litt småfeiring til glede for store og små.

Og no er vi altså i gang med ein storslått salssommar som skal bestå av kristne stemner, salstriks, DagenMagazinet, køyring, kjentfolk og Jesus. Eg er kjempeheldig som har fått denne jobben og håpar eg kan fronte avisa på ein god måte. Og det at eg får vere så mykje med Per Inge trekk ikkje akkurat ned!

Eg har eit artig bilete eg skal leggje ut her når eg finn ut korleis eg overfører ting frå mobilen min til dataen til Per Inge. Føler meg litt blond no men ja.. Vent i spenning! Snakkast!

torsdag 19. juni 2008

Spania!

Ja, no har eg altsaa kome til Spania og eg har til og med vore her nokre dagar. Her er det utruleg varmt. Nesten alt for varmt. Eg sit paa ein nettcafe i bikini med vifte paa og held likevel paa aa smelte vekk. Men i motsetning til i Bulgaria, saa blir eg i alle fall brun! I alle fall naar eg klarar aa vere ute. Aa bli brun er forresten meininga med livet for dei som ikkje visste det.

I dag har eg og Per Inge forresten vore saman i ein maanad. Tjohei!

TJa.. Kva kan eg fortelje fraa ferien? Det er altsaa heile familien Rydland Bjoerke Asdahl Harnes som reiser og vi er i alt 11 personar fordelt paa to leiligheter. Vi er i Torrevieja (eller Torrevikja som dei seier i Oygarden). Vi er ein salig blanding av folk, men det vi har til felles er at vi er glad i sol og mat. Saa det er stort sett det det gaar i. Og saa bading i basseng eller badeland. Glede for store og smaa!

No skal eg ut og gaa meg ein tur med ipoden min, for daa blir eg brun paa alle kantar, hehe. Fargen har nemleg blitt litt skeivt fordelt. Eg er brun framme, kvit paa sidene og lysebrun bak. Spenstig kombinasjon.

Elles saa proevar eg fortsatt aa foelgje med paa EM, men eg klarar ikkje halde konsentrasjoen meir enn 3 sekund, saa eg sit heller og ser paa One Tree Hill. Eg plar vanleg vis aa klare aa halde konsentrasjonen ganske greitt uansett kva eg gjer, men akkurat fotball er klin umogleg. Eg veit at Sverige tapte i gaar. Jepp jepp.

Eit lite spoersmaal dukka opp i hodet mitt under ein kamp. Astrid tenkjer: "Ja.. vi har kvartfinale. Og saa har vi bronsefinale der vi finne ut kem som komme paa tredje plass. Og saa har vi finale der vi finne ut kem som vinne. Men kordan i alle verden finne vi ut kem som komme paa andre plass?!?!?! Det er jo ingen ting som heite soelvfinale.."

Trur ikkje fotball er heilt min ting. Sorry Per Inge viss du blir flau naar du les dette, hehe. Eg fann ut av det altsaa, ta det med ro.

Kos dykk vidare der heime! Neste er sommartreff, og deretter ein fantastisk maanad paa vegen som seljar for DagenMagazinet. Gler meg saann!!

torsdag 12. juni 2008

Tilbake frå Bulgaria, Spania neste!

Då var mi første sydenveke over, og det var ein god start på ferien. Veret var ikkje det beste, for det var som oftast ganske overskya, men når ein har så godt reisefølgje så gjer det ingen ting. Dagane gjekk med til ligretto, yatzy, sjå på bulgarsk musikk-tv, sjokolade, potetgull, brus, vatn (som var overraskande godt til å vere flaskevatn), postkortskriving (som vanleg fekk eg ikkje sendt eit einaste), shopping i billigboder (der alt var fake), soling, vere solbrent, smøre seg med solkrem, bade, lure Maria til å tru at passa var stelt, det vanskelege valet med å finne ut kva ein skal ha på seg, spa, is osb osb. Med andre ord: Ein skikkeleg jentetur! Randi og Vigdis (litt overraskande) var dei som klarte å liggje lengst på solsenga, sjølv om sola omtrent ikkje viste seg på himmelen. For min del var ikkje solkondisen heilt på deira nivå, men eg fekk farge likevel. Til mi store glede var eg brunare enn Per Inge då eg kom tilbake. Når eg først har nemnt Per Inge, kan eg jo skrive litt om han. Sigrid og han kom til mi store glede og overrasking på Gardermoen og tok imot oss. No held eg hus hjå Sigrid og heng med ho og Per Inge om dagane. Sidan det er fotball-EM blir det ein del kampsjåing. Sjølv finn eg fotball overhodet ikkje interessant, men noko må ein ofre, og det gjer eg gladeleg. Sånn som no sit Per Inge og ser kamp, og då har eg god moglegheit til å gjere nyttige ting som å oppdatere blogg og bestille flybillettar og andre ting som må bestillast. Kjempegreier!

Så kan Bulgaria anbefalast som reisemål?
Ja. Litt shabby land, men fine hotell, lave prisar, som oftast fint vêr og akkurat passe lang flytur frå Noreg (3 timar). Vi budde litt utanfor Sunny Beach, og der var det veldig rolig og koseleg.

Sjølvsagt må eg ta med nokre bilete:

Von på tur sponsa av Nov :)

Hehe. Are Djupvik.

Obzor Beach Resort, fire stjerner, heilt fantastisk!

Har skandinavia invadert Sunny Beach? Ja. Var omtrent alle gjestane på hotellet frå skandinavia? Ja.

Eg og Ane i kjent stil: Tuslande rundt på shopping. Herleg!

Frå ein bar på Sunny Beach. Norske fotballkampar, til dømes Brann-Rosenborg og Brann-Austevoll. 

Shopping i bodar med utallege stygge klesplagg.

Stort insekt, type grashoppe.

Vigdis kosar seg på Space (æ vil hjem!).

Fiiiint skille som eg alltid får :)

Gjensynsglede med han her! På dette biletet i samtale med kua si. Han e best :) (ikkje kua).





lørdag 7. juni 2008

Bulgaria!

No sit eg paa ein internettcafe paa hotellet vi bur paa her i Bulgaria (Obzor beach resort). Hotellet er forresten utruleg fancy og klart det finaste eg har sove paa nokon gong. Men no har eg berre sove paa hotell ein gong foer og det var i Sogndal. Uansett.. Her bles det mykje, og det er ganske overskya, saa brunfargen er ikkje topp enno, men sidan eg skal til Spania snart saa gaar det i grunn bra. Elles kan eg meddele at bulgararar er snille folk, men dei likar ikkje naar ein klagar paa ting. Dei er fattige, men ser ut til aa vere i ok humoer likevel. Kremt, toerrprat. Har besoekt sunny beach, og der var det interessant. Barar over alt med oel til 4 kr osb. Vi vart invitert til mange festar, og folk vart heilt satt ut naar vi sa at vi ikkje drakk alkohol. Berre for aa roe ned evt foreldre, soesken, tante og unklar: Nei, vi festar ikkje. Vi sit paa rommet og speler yatzy og ligretto, og det er UTRULEG kjekt! I gaar lurte vi Maria og sa at passa var stelt. DEt var uturleg morosamt. Eg var heilt svett eg lo saann. Sist men ikkje minst saknar eg Per Inge og gler meg i grunn til aa kome tilbake til Noreg ogsaa. Det er ikkje til aa stikke under ein stol.

Bilete kjem!

Snakkast folkens.

mandag 2. juni 2008

Bulgaria neste!

No sit eg på rommet mitt på Fjellhaug. Her er det ganske stusseleg i grunn, for det er heilt tomt utanom ein haug med klede. I morgon går turen til Burgas i Bulgaria, og eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg enno. Tenk, om eit døgn ligg eg på ei solseng ved Svartehavet. Er ikkje feil det, du. Gler meg! Det er berre litt stress å få pakka og sånt, men det ordnar seg. Den siste tida har bestått av fint vèr, masse bra folk, avslutningsfest og sånne standard no-er-vi-snart-ferdig-greier. Avslutningsfesten var veldig koseleg, men eg var ganske letta då den var over sidan eg hadde ganske mykje ansvar. Men folkens, ein ting skal vere sagt: Fjellhaug har gjort så utruleg mykje bra for meg! Eg kjem til å sakne det å ha så mykje fokus på Jesus og bibelen. Det har vore godt. I tillegg har eg fått utvikla meg mykje musikalsk. Då eg byrja her var det heil utenkjeleg at eg kunne stå på ei scene og syngje solo. Det kan eg no. Er eit lite under, det!
Førre veke var eg ein svipptur innom Sygna berre for å seie hallo (og for å sleppe unna all vaskinga på Fjellhaug, hehe). Der fekk eg vite at eg skal halde hus i rektorboligen, og det er eit svært hus med 5 soverom eller noko sånt. Så folkens: kom på besøk. Eg har plass for å seia det sånn! Eg budde forresten i det huset frå eg var 0-6 år, så har nokre koseleg minner derifrå. Å bli miljøarbeidar gler eg meg stort til. Det virkar som ein kjempegjeng av elevar og personale. Snakakst til hausten til alle som les som føle seg truffe!
I går var eg og Per Inge ute på tur i skog og mark. Bra eg har ein kjærast som kan dra meg med ut på ting, for eg går litt tom for idear. Det gjer definitivt ikkje han. Herleg :) Vi tok t-bana opp til Sognsvann, og der fann vi ei gruve vi skulle gå inn i. Per Inge som manglar mentale sperrer for alt som er skummelt og nytt, gjekk heilt inn og tykte det var stas. Astrid-pingla fekk klaus og måtte gå ut etter 25 meter. Hehe, jaja. Sånt skjer. Etterpå grilla vi og fekk mange myggstikk. Men å kome seg ut, det er godt det! Kom dykk ut, folkens!

(No sit eg og lurar på om eg skal pakke, for det burde eg, men det ser ikkje ut til å skje med det første. Difor legg eg ut nokre bilete.)







søndag 25. mai 2008

Mandag 19. mai

I livet står ein ovanfor mange val. Vi må velje kvar dag, og vala kan vere både lette og vanskelege. Eit av dei beste vala eg har tatt i livet mitt tok eg 6. april. Eg sto i pøsande regn, iskald, våt inn til skinnet. Eg tok eit val om å gje han ein sjanse. Men han måtte overbevise meg, han hadde liten tabbekvote.

19. mai står eg på same plassen med same person. Samtalen i grove trekk.

Astrid: "Jaja, Per Inge, så vart det oss då."

Per Inge: "Weeee!"

Astrid: "Nei, vent no litt.. No vart eg litt usikker. Eg er ikkje sikker på om dette var rett likevel. Eg føle liksom at det er noko som ikkje heilt stemmer. Trur ikkje eg er heilt klar liksom.."

Per Inge: "Åh... jaja, ok. Viss du føle det sånn så e det vel kanskje ikkje rett heilt enda."

Astrid: "Nei, eg lure på om vi berre må vente litt til. Føle eg får litt sånn panikk no liksom."

Per Inge: "..."

Astrid (etter ei lang stund): "Du... Eg berre tulla altså."

Per Inge: "Hæ? Tulla med ka då? Ka? No skjønna eg ingen ting?"

Astrid smiler.

Per Inge: "Eg må sette meg ned!"

Astrid: "Off.. Sorry, det der var kanskje litt dårleg gjort, hehe."


Men ja, folkens.. Vi vart samen den dagen sjølv om Per Inge vart litt suicidal midt inni det heile.

Eg er storfornøgd :)

Les òg Per Inge sin versjon.

mandag 19. mai 2008

fredag 16. mai 2008

Det nermar seg!

Sumaren er rett rundt hjørnet, noko eg ser fram til med stor, stor glede, og slik ser planane mine ut no:

3-10 juni: Jentetur til Bulgaria

10-15 juni: Gourmetveke med Sigrid :)

15-23 juni: Familietur til Spania

24-28 juni: Sommartreff på Kongshaug

28 juni - 29 juli: Sommarjobb, sal av avisa DagenMagazinet. Her er reiseruta:
2 juli - 6 juli: Hedmarkstoppen, Hamar
7 juli - 13 juli: Landsstevne, Seljord
14 juli - 16 juli: Justøy bibelcamping, Lillesand
17 juli - 20 juli: Bryllaup, Gilje
21 juli - 27 juli: Landsstevne, Østebro

29 juli - 2 august. UL, du vil finne meg på Fjellhaugstanden

Eg skal oppdatere bloggen etter kvart som turane er over. Følg med!:)