søndag 27. juli 2008

Vi har en grevling i taket greveling-grevela

Nei, eg har ikkje ein grevling i taket. Eg har songen på hjernen. Men det hadde forsåvidt vore spanande å ha ein grevling i taket.

No er eg og Per Inge, DagenMagazinetSupremeDreamTeam, i Spydeberg hjå familien Bjørke (tante, onkel og Martine). Vi sel på evangeliesenteret sitt sommarstemne på Østerbo (enda meir tjo og hei og enorm møtekondis). Der er vi saman med Kristoffer Norbye, og kjekt er det! Ny salsrekord har vi sett og greier. Innpåslitne seljarar? Skjønar ikkje kva du snakkar om..

Her i Spydeberg er det utruleg varmt. Tidlegare i dag dro eg med meg Per Inge ut for vi skulle sole oss. Dette varte ikkje lenge, for det var rett før vi døydde av heteslag (sånn ca). Keisemd og plagelyst blanda seg saman og etter kvart utvikla vi ein gigantisk vannkrig som innebar vannslange, store bøtter, lure planar osb. Eg vart sjølvsagt kjempeirritert, for eg var ikkje like utspekulert som Per Inge (han gjekk inn i huset, tappa vatn i ei bøtte, låste alle dører, stilte seg i eit vindauge i øverste etasje og venta til eg gjekk forbi...). Etterpå fekk han ein real omgang med vannslangen. Vi er vener igjen no altså. Eg steikte til og med vaflar etterpå.

I morgon går turen vidare til UL, og det blir fantastisk! Større enn både jul og bursdag, utan tvil. Vi har varma opp med å høyre på gamle bibeltimar i bilen. Asbjørn Handeland er stor favoritt. Han blir faktisk berre betre og betre i mine øyre. Kunne skrive eit heilt innlegg om talane hans i grunn. Men det blir ikkje i dag. Det er for varmt.

Uansett. Eg vonar at eg ser dykk alle att på UL! Det blir så BRA!

lørdag 12. juli 2008

Dyrskuplassen


Ja, då sit eg inne i den såkalla husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord. Snart brakar det laus med dagens kveldmøte her på årsstemnet til Maran Ata. Det er med andre ord fest og glede, sang, halleluja osb. For meg som har vakse opp i NLM der det nokre plassar blir sett på som demonstrasjon viss ein står under lovsongen, er dette noko heilt nytt for meg. Til tider kan det blir litt voldsomt for min del, men det er herleg å sjå korleis folk klarar å gløyme dei som står rundt og berre fokusere på Gud. Trur eg (og mange andre) har noko å lære der. 

No kom Per Inge akkurat inn døra, og han har ild i blikket, for han har vore på do. (Der skulle eg eigentleg skrive noko anna, men det var visst litt hemmeleg i forhold til bryllaupet vi skal i neste helg.) 

Seljord skal visstnok vere eit ferieparadis, og det er det av og til. Her om dagen bada vi med sjøormen i Seljordvatnet, og det var kjekt. I forgårs tok vi med oss sjøormen på fjelltur, og det var herleg. Eg likar veldig godt å gå på fjellet når eg berre først har kome meg ut. Elles går dagane med til volleyball, kubbespel, badminton, eting (mat er høgdepunkta på dagen), geni, quiz, simpsons, strikking, dagens bibellesing, møter og sjølvsagt sal av aviser. 

Jau. Då takkar eg for meg for denne gongen. Helsar frå Per Inge. 

torsdag 3. juli 2008

DagenMagazinet!

Jess jess, då var vi i gang med sommarjobb. Nett no sit eg i huset i Hamar. Per Inge er på Pinsestevne på Hedmarkstoppen og sel aviser. Kvifor jobbar ikkje eg? Er eg lat? Likar eg ikkje sol? Likar eg ikkje å jobbe? Eg elskar sol, eg diggar salsjobb, men eg har blitt sjuk og klarte ikkje vere på jobb i dag. Feber, vondt i halsen, slapp osb osb. Du veit vel korleis det funkar. Men heldigvis har eg snille Per Inge som lagar middag og jobbar for harde livet.

Eg ser no at eg har gløymt å skrive om spania, men det er i grunn ikkje så mykje å sei om den turen enn at eg vart lei av å sole meg. Det gjekk i soling, soling, soling. Jaja, eg vart i alle fall brun, men det spørs kor lenge den fargen vil halde.

Etter Spania var det sommartreff neste. Det var samla om lag 70 deltakarar på Kongshaug, og det var ei kjempeveke. Snillare ungdom kan du leite lenge etter. Eg fekk mykje andeleg (Wenche Lunde er ei fantastisk dame), og eg fekk ein liten forsmak på korleis det blir å vere miljøarbeidar på Sygna. Det blir BRA!

Før Per Inge og eg la ut på vegen med vår feiande flotte leigebil, var vi tre dagar i Knarvik og slappa av der med god mat, familieselskap og shopping i fantastiske Knarvik Senter. Stine og Helga hadde bursdag, så det vart litt småfeiring til glede for store og små.

Og no er vi altså i gang med ein storslått salssommar som skal bestå av kristne stemner, salstriks, DagenMagazinet, køyring, kjentfolk og Jesus. Eg er kjempeheldig som har fått denne jobben og håpar eg kan fronte avisa på ein god måte. Og det at eg får vere så mykje med Per Inge trekk ikkje akkurat ned!

Eg har eit artig bilete eg skal leggje ut her når eg finn ut korleis eg overfører ting frå mobilen min til dataen til Per Inge. Føler meg litt blond no men ja.. Vent i spenning! Snakkast!